Litteraturtips til mappeoppgåve 3  om "Føydalisme i byen"

Under finn du nokre litteraturtips til oppgåve 3 om "Føydalisme i byen". Du finn også lenker til oppslagsverk på nettet. Lista under er langt frå komplett, men er meir enn nok til å skrive ei god oppgåve. Det er ikkje naudsynt å skaffe seg eller lese alle desse referansane.

Finn-Einar Eliassen: Norsk småbyføydalisme?: grunneiere huseiere og husleiere i norske småbyer ca 1650-1800. Kompendiet.
Her introduserer Eliassen nemningane "Private byar" og "Småbyføydalisme". Dette er eit viktig utgangspunkt for oppgåva, men for å drøfte bruken av omgrepa er det naudsynt å finne ut kva dei tyder og korleis dei er nytta av andre historikarar.

Det første som er viktig å klargjere er sjølve omgrepet føydalisme. Kva er føydalisme og blir det brukt på ulike måtar, har det forskjellig meiningsinnhald? Dette kan du lese meir om i HIS101-pensum. Dinest må ein også ha klart føre kva slags byar (tid, storleik, geografi) omgrepa private byar og småbyføydalisme er nytta på. Og dermed er det berre å gå i gang med å drøfte(?)

Sverre Bagge: Europa tar form. Føydalsamfunnet blir her presentert i kapittel 4. I mi utgåve under kapittel 4.1 "Føydalsamfunn og godsøkonomi"
Jon Sigurdsson: Norsk historie. Band 1. Skriv også om føydalisme, men eg har ikkje sidetalsreferansen.
Ståle Dyrvik: Norsk historie. Band 3. Ståle Dyrvik skriv om føydalisme i kapitel 18

Meir spesifikk bruk av føydalisme på norsk i:

Kåre Lunden skriv om "Bergverksføydalismen" i bind 2 av landbrukshistoria Frå svartedauden til 17. mai : 1350-1814 Kopi av aktuelle sider (pdf)
Sølvi Sogner skriv om "Småbyføydalisme" i bind 6 av Aschehougs Norgeshistorie i kapitlet "By og Embetsmannssamfunnet".

Pensum:

Merk også at Harold Carter (kompendium) skriv om fyrstebyar i kapittel 6.2

Forelesingar HIS113 og HIS101

Leidulf Melve føreleste om føydalisme 19/9 og Geir Atle Ersland om godsøkonomi 21/9.
Du finn også moment til oppgåva på slutten av mi forelesing om Private og anlagte byar

Om føydalisme i nettleksikon:

NorgesLexi: Føydalisme
Wikipedia: Føydalisme
CapLex: Føydalisme
Sjå også NorgesLexi: Paternalisme


Arne Solli, Sist oppdatert 29.10.2005