Leseliste for emnet ”HIS113 Urbanisering” hausten
2006
Sist oppdatert:
14.
oktober 2006.
21.08: Perspektiv på urbanisering
Sentrale klassiske og overordna teoriar for
urbaniseringa i Europa mellomalderen blir presenterte. I denne samanhengen vil
det også bli drøfta korleis vi definerer eller avgrensar ein by i forhold til
samfunnet elles. Etter den første førelesinga kan ein lesa heile Benton, kompendiesidetal 1-16, Hohenberg & Lees, kompendiesidetal 207-232.
28.08: Europeisk byliv i tidleg mellomalder
Ein generell gjennomgang av byutvikling
og byliv i Europa i mellomalderen med utgangspunkt i overgangen frå bylivet i
antikken. Dessutan blir det lagt vekt på å få fram spreiingsmønsteret for
urbaniseringa og i kva område av Europa der urbaniseringa kjem særleg langt alt
i høgmellomalderen. Det er ein føresetnad at ein har lese Gutkind, kompendiesidetal 135-177.
04.09: Byvandring (3)
Sentrale tema og omgrep: Kjøpmann, handverkar, embetsmann, borgerskap, borgerbrev, hushald og familie.
Solli, Arne: Gruppeoppgåver
Les gjerne:
Øye, Ingvild (red). By og
land i middelalderen. Onsdagskvelder i Bryggens museum IX. http://www.fou.uib.no/fd/1996/f/004001/
Ersland,
Geir Atle: Torget og Vågsbotn
Krzywinski,
Knut: Fra jordbruk til bysamfunn
ved Vågen.
Harold Carter, An Introduction to Urban Historical Geography, 1982. Kompendium s. 34-38.
11.09: Bydanning i Nordeuropa
Kva er drivkreftene i
bytuviklinga? Særleg vil det bli drøfta kvifor historikarane skiftar i sine
forklaringsmodellar både når det gjeld korleis byane blir til og kva som særleg
er kjenneteikn for det mellomalderske bylivet. Det er ein føresetnad at ein har
lese Holmsen og Simensen, kompendieside 233-269, Lars
Ersgård i Onsdagskvelder
i Bryggens museum VII. Les gjerne Benton (kompendiesidetal 1-16) igjen.
Knut Helle: Norsk byhistorie, kapittel 1 og 2, s. 23-63.
Knut Helle: The Emergence of the Town of Bergen in the Light of the latest Research Results. Kompendium
18.09: Anlagte og private byar (5)
Kva kjenneteiknar ein "anlagt" by? (sjå Bjørn Sogner) I forelesinga vil eg leggje vekt på dei anlagte byane sin fysiske struktur og den overordna byplanen. Eit viktig moment er også samanhengane mellom byplanen, bakgrunnen for bygrunnlegginga og kva funksjonar den anlagte byen var tiltenkt. "Småføydalisme" er ein merkelapp Finn Einar Eliassen har nytta på norske småbyar som vaks til på 1600- og 1700-talet. Kva ligg bak denne termen og er det ein god merkelapp? Eit anna omgrep frå pensum er "private byar", og her er det viktig sjå samanhengar i pensum mellom norsk "småbyføydalisme" og private byar i Europa.
Harold Carter, An Introduction to Urban Historical Geography, 1982.
Kompendium s. 18-23.
Ole Degn, De nyanlagte byer og byudviklingen i Danmark 1600-1800,. Kompendium s. 50-55.
Bjørn Sogner, De ”anlagte” byer i Norge
1600-1800.
Knut Helle, Finn-Einar Eliassen: Norsk byhistorie, kapittel 8, s. 180-201.
Finn-Einar Eliassen: Norsk småbyføydalisme?:
grunneiere huseiere og husleiere i norske småbyer ca 1650-1800.
Geir Atle Ersland: Vestlandet og byane 1500-1850, i Vestlandets historie. Kompendium s. 103-110
25.09 Borgerskapets by: Byens sosiale landskap (6)
I dagens bysamfunn kan vi raskt peike ut "pene", "mindre pene" og "dårlege" bydelar. I "dårlege" bydelar kan vere prega av arbeidsløyse, kriminalitet, fattigdom og ein stor innvandrarbefolkning. Dette er bydelar som kjem lågt ut på såkalla levekårsindeksar. Også byane i tidleg moderne tid hadde "rike" og "fattige" strok, og i pensum møter vi "sentrum-periferimodellen" (Sjå Carter kompendieside. 34). Modellen kan vi sjå på som eit "kart" for det sosiale byterrenget i før-industrielle byar. I pensum er det fleire eksempel på studiar der historikarar drøftar forholdet mellom kart (sentrum-periferi modellen) og terrenget. I forelesinga skal vi prøve sentrum-periferimodellen mot kjeldemateriale frå Bergen.
Harold Carter, An Introduction to Urban Historical Geography, 1982. Kompendium s. 34-46.
Steinar Supphellen, Sosial
geografi og utandørs bumiljø i Trondheim på 1600- og
1700-talet.
Knut Helle, Finn-Einar Eliassen: Norsk byhistorie, kapittel 10, s. 216-237.
Ole Degn, De nyanlagte byer og byudviklingen i Danmark 1600-1800. Kompendium s.
60-65.
02.10 Innflyttarens by: Byens demografiske landskap. (7)
Byane før ca. 1850 var prega av høg mortalitet (dødlighet), og dødligheita i byane var større enn på landsbygda. Tidleg moderne tid er også kjenneteikna ved rask økonomisk vekst særleg i England og Nederland. Vi finn derfor to flyttestraumar i Nord-Europa, generelt frå landsbygda mot byane, og frå Østersjø- og Nordsjø-området til byane i Nederland. I forelesinga vil begge desse flyttestraumane bli eksemplifisert.
Sølvi
Sogner, Ung i Europa, 1994.
Ole Degn, De nyanlagte byer og byudviklingen i Danmark 1600-1800.
Knut Helle, Finn-Einar Eliassen: Norsk byhistorie, kapittel 5, s. 123-142 og kapittel 10, s. 216-237.
Knut Helle, Bergen bys historie I, 1995.
09.10 Rådhuset, tårnet og hallen - ekskursjon
På denne ekskursjonen går vi frå Det gamle rådhus, gjennom Hollendergaten til Bryggen, Vinkjelleren og middelalderens rådhus og til slutt til Holmen (Bergenhus festning).
Øye, Ingvild
Våre
første byer. Onsdagskvelder i Bryggens museum VII
Holmsen, A. og J. Simensen
(red). Samfunnsmaktene brytes. Norske historikere i utvalg II, s.
233-269.
Knut Helle: Tidlig
byutvikling i Vestnorge.
http://www.uib.no/bmu/publ/onsdagskvelder/bind7/del1.html
Knut Helle, Finn-Einar Eliassen: Norsk byhistorie, kapittel 4 (s. 89-122) og kapittel 9 (s. 202-237).
16.10 Bystyringa: Byens politiske landskap (9)
Sentrale begreper: Gjaldker, byråd, byting, lagmann, fehirdsle, lensmann/lensherre, magistrat, stiftamtmann, næringsprivilegier, byprivilegier, borgerskap, eligerte menn, umyndige kvinner. Det er viktig å ha lese bolk I (Tingskiping) og bolk VI (Byskipingen) i bylova før forelesing.
Kapittel 4 i Norsk byhistorie gjev eit godt oversyn over bystyringa i mellomalderbyen, medan Steinar Supphellens artikkel gjev særleg godt innblikk i bystyringa etter innføringa av eineveldet (1661). I pensum er det særleg viktig å få tak på forholdet mellom konge(stat) og byane. Dette er ikkje lett fordi nemninga på ombudsstillingane og institusjonane endrar seg over tid, men då er det viktig å ha fokus på funksjon og rolle. Til dømes: Kva oppgåver hadde byråd og gjaldker i mellomalderen. Kva oppgåver hadde stiftamtmann og byråd/magistrat i tidleg moderne tid. Kva rolle hadde kongens ombudsmenn (gjaldker) på tinget mellomalderen? Korleis maktforholdet mellom by og stat endra og kvifor?
Steinar Supphellen, Bybrann og bystyring. Kompendium s. 461-476.
Knut Helle, Finn-Einar Eliassen: Norsk byhistorie, kapittel 4 (s. 89-122), kapittel 7 (s. 166-179) og kapittel 9 (s. 202-237).
Hilde Sandvik, Kvinner i
bynæringer på 1700-talet.
Geir Atle Ersland: Vestlandet og byane 1500-1850, i Vestlandets historie. Kompendium s. 111-127.
Bjørn Sogner, De "anlagte" byer i Norge
1600-1800. Kompendium s. 432-435.
Ole Degn, De nyanlagte
byer og byudviklingen i Danmark 1600-1800.
23.10: Gard og grunn
Kva var systema for fast eige i mellomalderbyane, kva rettar gav slik eige og korleis oppstod eigedomssystema? Det er ein føresetnad at ein har lese Øye (red) Onsdagskvelder i Bryggens museum IX s. 7 - 22 (Ersland), Slater 1981, kompendium s. 409-412, Slater 1986, kompendium s. 413- 425 og Keene s. 297 – 310 og kong Håkon Håkonssons stadfesting av gavebrev på byen Stavanger til Stavanger Domkirke (1226-45).
Kjelder: Sjå "Fillager".
Finn-Einar Eliassen: Norsk småbyføydalisme?:
grunneiere huseiere og husleiere i norske småbyer ca 1650-1800.
James H. Johnson: Bygeografi - en innføring. Kompendium s. 271-296.
Derek Keene: Landlords, the Property Market and Urban Development in Medieval England. Kompendium s. 297-310.
Knut Helle, Finn-Einar Eliassen: Norsk byhistorie, kapittel 4 (s. 89-122).
30.10 Bynettverk
Byane i mellomalderen var deler av nettverk som ofte strekte seg ut over grensene for stats- eller riksdanningar. Det mest kjende - og formaliserte - er Det hanseatiske byforbundet. Men dei fleste nettverka var uformelle og knytt til handelssamband eller skiftande politiske alliansar. Det er ein føresetnad at ein har lese Christophersen (http://www.uib.no/bmu/publ/onsdagskvelder/bind7/del3.html) og Helle (http://www.uib.no/bmu/publ/onsdagskvelder/bind7/del1.html). Ein må også setja seg inn i følgjande kjelder, jfr. "Fillager": Voldgiftsdom ved Magnus Birgersson mellom kong Eirik Magnusson og de tyske steder (1285), vitnebrev om tyske vintersitteres plikt til å yte tiende (1309), skipan fra kong Håkon Magnusson om utlendingers liggetid og handel i Tønsberg (1318), stadfestingsbrev fra kong Magnus Eriksson på hanseatenes privilegier i Norge (1343), verne- og privilegiebrev fra kong Erik av Pommeren til de engelske kjøpmenn i Bergen (1414), forordning fra kong Christoffer av Bayern om hanseatens rettigheter i Bergen (1444), privilegiebrev fra hertug Christiern for amsterdammerne i Norge (1507), freds- og handelsavtale mellom kong Håkon Håkonsson og Lübeck (1250)
Arnvid Nedkvitne: Hanseatene og Bergens utenrikshandel i middelalderen, kompendium s. 355-370.
Sven Lilja: Urbaniseringens dynamikk og funktioner, kompendium s. 331-353.
Knut Helle, Finn-Einar Eliassen: Norsk byhistorie, kapittel 3 s. 64-88, Innledning s. 145-149.
Kjelder: Alle kjeldene er tilgjengeleg i "Fillager".
06.11 Byhistoriske
kjelder: Hanseatisk Museum og Byarkivet
Les gjerne Reyerson s. 371-385 (i kompendiet), Elsa Mundal i Onsdagskvelder i Bryggens museum IX og alle artiklane i Onsdagskvelder i Bryggens museum nr VII s. 1 - 101 (begge på nett). Ein må også ha sett seg inn i følgjande kjelder: Privilegiebrev fra kong Magnus Håkonsson for tysktalende kjøpmenn i Norge (1278), vedtekter om handel og varetakster i Bergen. (1282), vedtekter om utlendingers handel (1302-13) og skipan fra kong Håkon Magnusson om utførselstoll for utlendingar (1316).
Kjelder: Sjå "Fillager"