12: Hanseatisk Museum og Bryggens Museum

Vi starter ved Sydneskantina kl. 12:15. Deretter går vi til Hanseatisk Museum i Finnegården og så videre til Bryggens Museum. Vi avsluttar med spørjerunde i auditoriet på Bryggens Museum Hanseatisk Museum og Bryggens Museum

Gruppeoppgåver til ekskursjon

Opplegget blir som tidlegare. Kvar gruppe førebur korte presentasjonar. Tema denne gangen er kjelder og kjeldekritikk. Gruppa lager ein kort presentasjon (ca 5 minutt). Arbeidet du legg ned i desse oppgåvene vil du hauste når du skal skrive ny versjon av oppgåve 2 og 3. Felles ressursar finn du til slutt i dette dokumentet.

Gruppe 1

Tema: Bylov, handel og handverk

  1. Kva slags handel er nemnd i bylova bolk VI, kapittel 15 og bolk VII, kapittel 8.
  2. Kva type kjelde er bylova?
  3. Kva er den vanlegaste måten å utnytte denne typen kjelder
  4. Beklager at dei to siste spørsmåla er formulert noko abstrakt, men ei meir konkret problemformulering vil gjere spørsmålet for lett.

Kjelde:
Bylova bolk VI, kapittel 15 og bolk VII, kapittel 8 (kompendium)

Pensum:
Knut Helle, Norsk byhistorie, kapittel 3, særleg s. 80-88 og kapittel 4, s. 97-108 er relevante.

Gruppe 3

Tema: Bystyringa i mellomalderen.

  1. Kva er ei rettarbot?
  2. Kva type kjelde er ei rettarbot
  3. Korleis skulle byrådet utnemnast/velgast?

Kjelde:
1293/94; Rettarbøter fra kong Eirik Magnusson for Bergen Sjå artikkel 1 og 5

Pensum:
Knut Helle, Norsk byhistorie, kapittel 4. Særleg s. 103-118 er relevant.

Ekstra litteratur:
Knut Helle, Bergen bys historie, kapittel 17, sjå særleg sidene: s. 496-501 (Gjaldker) og s. 532-537 (byrådet)

Gruppe 4

Tema: Umyndige kvinner?

  1. Kva er eit diplom?
  2. Kva type kjelde er eit diplom?
  3. Kunne kvinner inngå kontraktar om kjøp og sal? Kva var vilkåra
  4. Kva var kvinnenes rettslege stilling i byane?
Kjelder:

Festemål, februar 1340 Sjå kompendium s. 184.
Diplomprosjektet Christian V norske lov 1687
1 bok, 21 kapittel, 10 artikkelOm Borgen og forløfter
3 bok, 19 kapittel, 38 artikkelOm umyndige og verger
5 bok, 1 kapittel, artikkel 13 Kontrakter

5 bok, 3 kapittel, artikkel 23-24 Odel

Pensum:

Knut Helle, Kvinnene i bysamfunnet, kompendium s. 179-190
Hilde Sandvik, Kvinner i bynæringer på 1700-talet. Kompendium s. 397-408.
Steinar Supphellen, Bybrann og bystyring. Kompendium s. 461-476.

Spørsmål til vidare drøfting: Hadde kvinner muligheit til å delta i politiske, rettslege og administrative fora (tinget, bymøte, kommisjonar)?

Lenker

Byarkivet
Byarkivet: Oppslagsverket
www.bergenskart.no
Dei generelle byprivilegia 1662, vis

Arne Solli
Sist oppdatert 14.10.2006.