Kloster i Bergen:
I mellomalderen var der 5 kloster i Bergen. Dei var alle av ulike ordnar
og tilknytta kvar sine kyrkjer. Gjennom perioden endra tilhøva seg
ved samtlege. I denne delen vil eg konsentrera meg om 4 av disse; Munkeliv,
Nonneseter, Fransiskanerklosteret og Dominikanerklosteret. Som eit eige
punkt, i neste del, tek eg for meg Jonsklosteret.
Av kjeldene ser vi at Munkeliv kloster må vere grunnlagt før år 1135. Det var nemleg i januar månad dette året at kong Harald Gille gjekk til åtak på sin tronrival Magnus Sigurdsson i Bergen. Medan kong Harald brukte julehelga på å samle styrkar frå bygdene ikring, rusta kong Magnus seg til strid i sjølve byen. På Holmen aust for innløpet til Vågen vart det sett opp ei valslynge. Sjølve innløpet vart sperra av med stokkar og jarnlenkjer mellom Holmen og "Munkebrygga" på Nordnes-sida. Dette var Munkelivklosterets landingsplass. Hendinga er skildra ca. 100 år etter den fann stad, i Morkskinna, Fagrskinna og Snorre Sturlasons Heimskringla - og er den eldste kjelda vi har på klosterets eksistens. Munkeliv skal ifylgje yngre saga-beretningar, vere grunnlagt av kong Øystein Magnusson (regjeringstid: 1103-22), medan broren Sigurd var på Jordsal-ferd i 1107-10. Theodoricus Monachus hevdar at kongen let bygge klosteret til erkeengelen Mikaels ære. Funnet av eit marmorhovud med innskrifta "EYSTEIN REX"(bildet), i 1853 i nærleiken av ruinane, styrkjer teorien om at det var Øystein som fekk oppført klosteret. Hovudet er sansynlegvis ein del av eit stiftarportrett, og kan ha vore innmurt i sjølve Mikaelskyrkja.
Anlegget vart plassert på Nordneshøgda i det området som enno blir kalt "Klosteret". Kongen la mykje gods til det - ifylgje Eirik Magnussons vernebrev frå 1290 "av kongedømmets odel". Hovudområdet i dette godset var truleg ein stor del av Nordnes og Sydnes, med rett til skipsoppsetting og allslags fangst. Kjeldene fortel oss at Munkeliv truleg var Noregs rikaste kloster i mellomalderen. Kjeldematerialet vi har tilgang på er rikt, særleg i høve kjøp og bytte av eigedom, testamentariske gåver og abbedval. Eit jordregister frå slutten av 1100-talet viser at godset alt då omfatta 97 gardar og gardpartar frå Sunnmøre til Lista. Om ein ser på tilhøva i 1427 finn ein at eigedomen har auka enormt: 330 gardar og gardpartar på Vestlandet - i tillegg til eigedom på Hjaltland og Orknøyane! [5] Då Munkeliv i 1426 gjekk over frå benediktiner til birgittinerordenen, vart det sett opp ei brevbok med avskrifter av klosteret sine privilegier, vernebrev og hjemmelsbrev, samt eit jordregister. Både denne brevboka og seinare jordebøker herfrå er tekne vare på.
I mesteparten av litteraturen eg har funne på Munkelivklosteret vert det sagt at det ved stiftinga tilhøyrde benediktinerordenen. Edv.Edvardsen skriv derimot, at klosteret fyrst var "forordnet til St.Nicolai orden"[6]. Denne opplysninge skal han ha funne i "Fundatz Bog som heter Mare Magnum". Av kjeldene ser vi i alle fall at benediktinarmunkane tidleg kom inn i biletet. Benediktinerordenen vart stifta av Benedikt av Nursia ca.529, og hans Regel vart rettesnor for ulike europeiske ordnar. Hovudelementa er "bøn og arbeid".
Ei kort skildring av hendingar knytte til klosteret: Heile anlegget med kyrkja vart (ifylsansynlegvis brent opp i år 1198 av biskop Niels av Oslo - som låg i strid med kong Sverre "for sagefald i christenretten". Biskopen sette fyr på klosteret som hevn for at munkane stod på kongens side i striden. Ved vitalinernes overfall i Bergen 1393 vart óg Munkeliv herja. Ein ny omfattande brann kom i 1455 då tyskarane ved Bryggen tente på. Dei var ute etter høvedsmannen på Bergenhus, Olav Nilsson, biskop Thorlak med fleire, som hadde forskansa seg i kyrkjetårnet. Tyskarane sette istand anlegget att, etter pålegg frå paven. Noko som skal ha kosta 5000 Mark. [7] Som ei fylgje av denne hendinga bytta birgittinarane ei tid kloster med cisterciensarane på Hovedøya. [8] I 1478/79 kom birgittinarane attende til Munkeliv. Strandsiden vart i 1489 herja av brann, truleg vart klosteret óg berørt av denne. Anlegget vart i 1525 besatt av Vincents Lunge, sansynlegvis på grunn av si strategiske plassering rett overfor Bergenhus, slik at ikkje kong Christian 2. skulle slå kloa i det. I 1531 vart domkyrkja og bispegarden på Holmen revne. Biskop Olav fekk då tildelt Mikaelskyrkja og resten av klosteranlegget som erstatning. Til 1536 fungerte det som bisperesidens, då sette lensherren ved Bergenhus, Thord Rød, fyr på kyrkja. [9] Restane av klosteret vart revne, treverket flytta til Fransiskanerklosteret og murane nedbrotne av bønder som var utkommanderte frå distriktet kring byen. [10]
I 1857 starta utgravingarbeidet av området. Antikvar Nicolay Nicolaysen tok over ansvaret for prosjektet i 1860, og store delar av Mikaelskyrkja vart avdekte. Av ruinane kan ein sjå at arkitektoriske og byggmessige endringar har funne stad. Dette er truleg som fylgje av overgongen til birgittinerordenen, då klosteret og kyrkja måtte ombyggjast til eit dobbeltkonvent. Reglane sa t.d. at kyrkja skulle huse 60 nonner og 12 prestevidde munkar. Restar av klosterkyrkja er oppbevarte i steinsamlinga ved Historisk Museum i Bergen - t.d. sokkelstein, blindbuefrise, gesimsstein, kapitélfragment og søylebase.
Nonneseter vert fyrste gong
omtalt i sagaen i høve kampane mellom Harald Gille og Magnus Sigurdsson
1134/3. Dei fleste historikarar hevdar derimot at namnet er brukt anakronistisk.
I Sverrse Saga vert Nonneseter omtala både i 1181 og 1183. [11]
I forteljinga om danane si ferd til Det Heilage Land (1191) står
det at det i Bergen fins kloster både for kvinner og menn. [12]
Kvinneklosteret det her er refererast til må vere Nonneseter. I Håkon
Håkonsons saga finn ein at nyfødde Olav Magnusson vart overleten
til nonnene då kong Magnus og hans dronning dro til Trondheim hausten
1262. Kongen testamenterte i 1277 - 40 Mark sterling til institusjonen.
Andre kjelder vi har på klosteret er ei rekkje norske testament i
perioden 1288-1430, og tyske bergensfararas testamenter fram til 1527.
Ein har lenge meint at klosteret vart grunnlagt som Noregs einaste cistercienserinne kloster - ca.1150. At det var biskop Sigurd av Bergen, i samarbeid med kongen, som etter å ha vitja moderklosteret Fountains ved York, grunnla både Lysekloster (i Os) og Nonneseter. Nyare forsking har derimot vist at denne ordenen ikkje hadde tårnfot på sine kyrkjer (A.E.Tryti) - noko som slett ikkje stemmer overeins med utforminga av klosterets Mariakyrkje. Ikkje før abbedisse valet i 1320 har vi noko lunde sikre kjelder på at klosteret verkeleg høyrde til denne ordenen. Mariadedikasjonen "cenobium beate Marie Bergis" tyder på dette. Eit brev frå 1494 vitnar om at institusjonen hadde gått over til bernardinerordenen, "ordo sancti Bernardi". Kort tid etter har vi kjelder på at kloster-inntektene var, i alle fall til ein viss grad, overdregne til birgittinerne i Munkeliv. Årsaka til overdraginga skal ha vore at nonnene ikkje hadde klart å hevde avkastninga frå eigedomen sin. Nonneseter var i godsmengd målt rikare enn Jonsklosteret, men kunne ikkje samanliknast med Munkeliv. Til godset låg òg eigedomar i byen. I 1507 vart nonnene grunna sin "løsaktige og dårlige oppførsel" jaga derifrå. Klosteret vart overteke av antonitterordenen, som dreiv sjukehus for spedalske og herbergeverkseimd. I 1528 vart anlegget sekularisert og gitt til Vincents Lunge. Han bygde det om til privat bolig - og kallte det Lungegården. Det var i Lunge-ættas eige til 1705. Bendixen skriv, utan å oppgje kjelde, at i 1578 var der 20-30 bønder og brøyt stein på området. [13] Dette skjedde etter anvisning av danske-kongens steinhoggar Herman Gerritz. Steinane skulle sansynlegvis til Kronborg slott. Det var antakeleg ein båtlast av denne steinen som vart funnen i Nymølle i 1828. Funnet inneheldt gesimsar, kapitéler og pillestykker.
På Edvard Edvardsens tid (1600-talet) stod enno restar av kyrkjebygninga. Blant anna "et stort och høyct øde Taarn huor aff de yderste Weegsteen ere tagne, hafuer en stærck Hwelfning, under huilcken somme Tider støbis Klocker". Edvardsen skriv vidare at den eine klokka i Domkyrkja vart støypt på Lungegården i 1671. [14] Tårnfoten (bildet) samt eit kapell står enno. Tårnfoten er vigsla som minnerom over fallne i 2.verdskrigen. Kapellet vart brukt som døvekyrkje 1951-89. Båe tilhøyrer Fortidsminnesmerkeforeningen. Ruinane og området ikring vart i 1872 undersøkt av arkitekt P.Blix. Etter rivinga av hovudbygninga vart Blix` arbeid supplert av arkitekt Schack Bull. Dei samla resultata vart utgjevne av B.E.Bendixen i 1893. Under utgravingane vart det funne ei rekkje graver - både inni og utanfor Mariakyrkja. I ei av gravene låg der ein kobbar-kalk av mellomaldersk type. Ein veit ikkje sikkert om det er ein grav- eller altarkalk. I steinsamlinga ved Historisk Museum i Bergen finn ein bygningsstein frå klosterkyrkja.
Anlegget var oppsett på det nordre og breiaste neset avAlrekstadvågen, ved sundet mellom Store- og Lille Lungegårdsvann. Etter dagens tilhøve, i kvartalet mellom Strømgaten, Kaigaten, Vincentz Lunges gate og Busstasjonen. Eigedomen elles strekte seg over Marken og Hospitalsengen og det næraste området av Nygård. Kjeldene fortel lite om klosterets verkseimd, men vi veit det i periodar var rikt og mektig. I 1528, då Vincentz Lunge tok over, omfatta godset ca.300 gardar og gardpartar frå Sunnhordland til Nordfjord. Klosteret hadde lakserett i Os-elva, og eigde fleire gardar på Bryggen: Kappen, Aagothun og mest sansynleg Søstergården.[15]
Dominikanerklosteret er den klosterinstitusjonen
i Bergen vi veit minst om. Der fins hverken ruinar, arkeologisk materiale
eller gjenstandar som stammar frå anlegget. Klosteret tilhøyrde
eit tiggarkonvent, og munkane vart óg omtala som "prekebrødre"
eller "sortebrødre" (på grunn av klesdrakta). Nøyaktig
når Dominikanerklosteret vart grunnlagt har vi ikkje kjelder på,
men det må ha skjedd før 1241 - då prioren i klosteret
omtalast. I Håkon Håkonsons saga står det at kongen "lot
gjøre Olavskirken og klosteret med" - i tilknyting til andre
bygningar han lét reise på Holmen. Truleg er det Dominikanerklosteret
og Sortebrødrekyrkja som er omtalt her. I fylgje klosterseglet var
kyrkja via til Olav og Erik. Av islandske annalar ser vi at det vart bygd
tårn til kyrkja før år 1394. [16]
Den var bygd i tre fram til ca.1500 - då prior Halvard (død
1508) lét bygge ei kyrkje samt klosterbygningar med store hvelva
rom. Heile anlegget var gjort i stein. Edvardsen skriv "Denne Kircke
vaar den allersidste Steenkircke som vaar bygd i Bergen i Mandeminde,
och den første som blef nedbrut igien". I fylgje Edvardsen
var det slottsherre Vincentz Lunge som fekk prioren i Sortebrødreklosteret,
Jens Mortensson, til å tenne på - då heile anlegget brann
i 1528. Etterpå skal dei 2 ha delt verdisakene mellom seg. [17]
Som Knut Helle påpeikar, er det nok liten grunn til å feste
lit til denne historia. Noko vi derimot veit er at klostergrunnen vart
innlemma i Bergenhus festning på dette tidspunktet.
Kyrkja og klosteranlegget låg sansynlegvis nord for Kristkyrkja og "Communen" - nede i skråninga mot det som i dag heiter Bontelabo. "Communen" var kannikane sin tilhaldsstad, og dei 2 anlegga låg slik i forhold til kvarandre at det var lett for kannikane å plassere priveta (toaletta) sine slik at dei grisa til dominikanarane sin kyrkjegard. Dette skjedde under striden mellom domkapitelet og dominikanarane i 1240-åra. I 1524 vart det heldt riksrådsmøte her. Dei 2 tiggarkonventa hadde eit særleg godt tilhøve til hanseatane.Katharina- og Dorotheagildet ved Kontoret var knytta til Katharinaalteret i Fransiskanerkyrkja og Dorotheaalteret i Dominikanerkyrkja. Klostera er nemnt i fleire norske og tyske bergensfarares testament (1365-1527). [18] Dessutan fanst der ein del tyske brødre og forstandarar ved dei 2 klostra. Både Dominikanerklosteret, Fransiskanerklosteret, Apostelkyrkja og Katedralskulen ved Kristkyrkja fungerte som utdannings institusjonar for unge medlemmar av kongefamilien. Frå og med Håkon Håkonsson vart dette vanleg praksis[19] For den som skulle leie ei riksstyring, som i større og større grad var bassert på skriftbruk, var det naudsynt å tileigne seg denne type kunnskap.
Fransiskanerklosteret , "Gråbrødreklosteret" eller "Barfotbrødreklosteret" som det òg vart kalla, tilhøyrde i likskap med Dominikanerklosteret eit tiggarkonvent. Den fyrste kjelda som nemner klosterkyrkja, Olavskyrkja, er Sverres` Saga, i høve bondehovdingen Jon Kutizas overfall av kong Sverre i Bergen 1181. Nokre av kongens menn flykta då inn i Olavskyrkja i Vågsbotn. Dengong var den truleg ei vanleg soknekyrkje. Etter bybrannen i 1248, då kyrkja vart skada, lét truleg kong Håkon Håkonsson (regjeringstid 1217-63) byggje opp Fransiskanerklosteret i tilknyting til gjenreisinga av ei større steinkyrkje. I Håkon Håkonssons Saga står det at kongen lét bygge Olavskyrkja og klosteret på sin kostnad. Dette kan vere ein referranse anten til fransiskanernes Olavskyrkje eller til bygginga av dominikanerklosteret og Olavskyrkja ute på Holmen.
Kong Magnus Håkonsson hadde tydelegvis eit godt forhold til "gråbrødremunkane". Heilt frå byrjinga av si regjeringstid nytta han dei som sine sendemenn til utlandet. I testamentet sitt (1277) deponerte han alt det sølvet han ville gi til dei fattige i "samtlege av Norges skipsreider", hjå fransiskanarane. Han gav dei òg den største enkeltgåve noko norsk kloster har motteke: 700 Mark gangbar mynt til bygge arbeid. Munkane kunne dermed, etter 1270-brannen,oppføre den kyrkja som i dag, i vesentlege trekk, står som Bergen Domkyrkje. Den nye kyrkja vart, etter tradisjon i Bergens Rimkrønike, vigsla av biskop Narve i 1301.
I dei islandske Gottskalk annalar står det under år 1393,
at Bergen vart herja og brent av tyske menn: vitalinerne. "Det ble
det største mannefall, og allmuen møttes innenfor fransiskanerklosteret".
Ein av vitaliebrødrenes leiarar, Mækingborg, vart drepen og
gravlagd i klosterkyrkja. Klosteret nemnes i ei rekkje norske og tyske
testament frå slutten av 1200-talet og fram til 1525. Bergensfararane
gav òg ofte gåver til Dorothea og Katharina gildetsom var
knytta til kyrkja. Ved opprettinga av gildet i 1397 vart det bestemt at
det skulle lesast sjelemesser for avdøde gildebrødre i båe
tiggarkonventa. I 1531 vart domkyrkja på Holmen reven, og då
Munkeliv brann i 1536 flytta biskopen og domkapitelet over til fransiskanerklosteret.
Det vart avgjort i 1537 at Olavskyrkja skulle nyttast som domkyrkje.[20]
Ettersom denne overføringa utan vidare kunne skje, er det sansynleg
at det var meir eller mindre slutt på ordenslivet ved klosteret.
Bispegarden stod til 1835, då Bergen katedralskule fekk oppført
ny skulebygning på tomta.
Bergens fyrste protestantiske biskop, Geble Pederssønn (død 1557), fekk sett den gamle klosterkyrkja i stand. Han fekk t.d. bygd eit tårn på den. Tårnet, som stod ca. midt over skipet, kan ein sjå på Scholleus-stikket (den eintårna kyrkja lengst til høgre, sjå Framsida). Skrudhuset var delt i 2 og innreia som bibliotek/lokale for konsistorialretten (ein geistleg rett), og som skulestove for latinskulen. I 1599 gav kongen løyve til å utvide kyrkjbygninga, og i denne samanheng å ta stein frå klosteret og Nonneseter anlegget til arbeidet. I 1602 vart det pålagt alle landskyrkjer i Bergen stift å bidra med 4 daler kvar til reparasjon av kyrkja. [21] Bygninga brann både i 1623 og 1640. Etter den store bybrannen i 1702 vart den gjenoppbygd under leiing av arkitekt Johan Conrad Ernst og byggmeister Johan Martin Heintz. 1743 stod kyrkja ferdig i den form den har i dag. Arkitekt Chr.Christie sette i 1880-83 i stand kyrkja att. I høve restaureringsarbeidet vart kyrkja og grunnen under bygningsarkeologisk undersøkt av arkitekt Peter Blix. Då kyrkja igjen vart restaurert 1963-69, under leiing av arkitekt Petter Helland-Hansen, beheldt ein i stor grad den forma Christie hadde gitt den. Spora i murverket etter dei mange endringane som hadde blitt gjort opp gjennom historia vart dessutan gjort meir synlege. Kyrkja vart òg oppmålt og undersøkt. I dag er det eit lite parti av Domkirkens nordmur med restar av ein portal, som stammar frå den eldste kyrkja (ca.1150-80).
Klosteret var via til Olav den Heilage. Seglstampen til fransiskanarklosteret i Bergen (bildet) viser ein tronande St.Olav. Anlegget var bygd på strandvollen på austsida av Vågsbunnen. Før Vågens innste del vart utfyllt i løpet av mellomalderen, gjekk sjøen heilt opp til kyrkja. Klosterbygningane vart oppført på sydsida. Kyrkjegarden ligg enno på austsida av kyrkjebygninga, og har vore i bruk sidan mellomalderen. Den har ofte vore utvida, særleg ved dei støree pestutbrota. Det er gjort funn av våpen frå 1400-talet der. Ein har òg funne sokkelen av ein lysestake,som truleg stammar frå Fransiskanerkyrkja.
Åsta Vadset