Innleiing:

    I den fylgjande framstillinga vil eg sjå nærare på kva funksjon kloster organisasjonen spela i Bergen i mellomalderen (byrjinga av 1100-talet og fram til reformasjonen i 1536). Fyrst vil eg ta for meg kjeldematerialet vi har tilgang på frå denne perioden. I neste delen gir eg ei skildring av mellomalderbyen Bergen. For å få innblikk i korleis livet ved eit kloster var organisert og utarta seg, gjer eg i fjerde delen greie for kva menneske som var tilknytta ein klosterinstitusjon - og kva ressursmessig grunnlag dei basserte seg på. I neste delen presenterer eg eit kart over kyrkjer i Bergen frå mellomalderen til i dag. Her er dei 5 ulike klosterkyrkjene avmerka. Om ein går inn på éi av dei ( t.d. Jonskyrkja - merka med raud farge) og klikkar på vestre musetast - vil ein automatisk kome til den delen eg har skrive om nett denne kyrkja og klosteret tilknytta den. Eg har òg gjort det slik at ein kan kome seg frå Jonskloster-sida til Kloster i Bergen-sida og omvendt, ved å klikke i den blå teksten. Etter å ha tatt for meg 4 av klostera, vil eg konsentrere meg om Jonsklosteret i ein eigen del. Denne oppgåve-teksten er nemleg fyrste delen av ei 2-delt framstilling som går ut på å kartlegge endringar i området der Jonsklosteret sto ( frå tidleg mellomalder og fram til den store bybrannen i 1916). I konklusjonen min vil eg samle trådane og kommentere kva rolle kloster institusjonane kan ha spelt i bysamfunnet i Bergen i mellomalderen. Eg har lagt inn ei permanent innhaldsliste på venstre side av skjermen. Slik kan ein ved å klikke på høgre musetast kome lettare frå side til side når ein les oppgåva.

    Litteraturen eg har brukt: For å skrive denne oppgåva har eg nytta litteratur av både gamal og ny dato. Dei eldste skriftene, av Edvard Edvardsen, er frå 1680-åras Bergen. C.A. Langes bok om dei norske klostra i mellomalderen er skreven på midten av 1800-talet. Noko av den samtidige litteraturen eg har lagt opp byggjer i stor grad på opplysningar ein finn i disse 2 verka. I Bergen bys historie 1, skildrar Knut Helle bysamfunnet i mellomalderen. Hans-Emil Lidén og Ellen Marie Magerøy skriv blant anna om klosterkyrkjene i Bergen i dei 2 fyrste binda av Norges Kirker. For å hente opplysningar om klosterinstitusjonane sine grunneigedomstilhøve har eg sett på Geir Atle Ersland si hovudoppgåve frå 1989: Eit forsøk på rekonstruksjon av grunneigefordelinga i Bergen i seinmellomalderen. Dessutan har eg gått til Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring - årbok 1987, og brukt artikklane Klosteranleggene av Øivind Lunde og Erik Gunnes`Klosterlivet i Norge: Tilblivelse - økonomi - avvikling og Fra Benedikt til Birgitta. Ved å klikka med venstre musetast på ein fotnote vil ein koma til oversikta over fotnotane.

    Som framside-illustrasjon har eg valgt Scholleus-stikket, som viser Bergen i 1580-åra.


    Åsta Vadset