Utvandring gjennom unge auge
Eit undervisningsopplegg om utvandring for ungdomstrinnet, eksemplifisert med utvandring frå Stordal kommune i Møre og RomsdalDagbok frå reisa til Amerika
Nedanfor finn du åtte barn og ungdommar som reiste frå Stordal til Amerika for omlag 100 år sidan. Tenk deg at du er ein av desse ungdomane, og vel ein av desse før du les vidareDu skal skrive dagbok frå reisa. Start med avreisa frå Stordal. Bruk folketeljinga i 1900 for å finne ut kvar "du" budde og kven du budde saman med. Tenk deg at du tek farvel med dei andre garden der du budde. Kven tok du farvel med? Kva tenkte du? Ville du nokon gong sjå att vener og naboar? (Eksempel:Øvrebust)
Neste gong du skriv i dagboka så er du i Ålesund/Bergen. Før avreise må du registere deg hos politimesteren i Ålesund/Bergen, jfr. Emigrantprotokollen.
Sjå på biletet av Ålesund 1902 og 1910 eller Bergen 1880-åra og1890-åra og skriv kva du har opplevd: Hos politimesteren, på kaia, i bygatene. Kva har du sett, kva har du opplevd. Bruk emigrantprotokollen til å beskrive dei du reiste saman med. Var du saman med andre frå di bygd, grend eller gard? Kvifor ville dei til Amerika, kva var yrket deira, kvar skulle dei til. Hadde dei betalt billett på førehand?
Frå Ålesund reiste du til Newcastle (eller Hull) på austkysten av England, men du var innom Bergen før turen over Nordsjøen. Sjå på biletet frå Bergen: Bergen 1880-åra eller 1890-åra. Skriv om livet og aktiviteten på Vågen, langs Bryggen i Bergen og det som skjedde på dampskipet.
Neste stopp var Hull eller Newcastle. Finn desse byane på kartet. Derifrå tok du toget til Liverpool. Frå Liverpool gjekk dampskipet til New York. Beskriv skipet (Eks: S/S Lucitania på hamna i Liverpool) og/eller havna i Liverpool. I New York (Bilde) måtte du vere i karantene på Ellis Island (flyfoto, postkort, I dag). Kvifor? Her var mange ulike menneske frå heile Europa.(Bilde, Helsesjekk, Augesjekk). Kva for land stamma medpassasjerane frå?. Korleis var møtet med så mange framande? Frykt? Redsle?Etter ei tid på Ellis Island reiste du til New Jersey. Finn eit kart over New York. Frå New Jersey derifrå reiste du til målet for reisa (i California, Midtvesten, Seattle...) Finn desse stadane på kartet. Kva transportmiddel brukte du?
Siste stopp på reisa er litt usikkert, men kanskje kan du finne opplysningar om kvar reisemålet ditt var (Ellis Island Records)? Nokre gongar hadde slektningar i USA betalt billetten, og då reiste du nok dit.
Unge utvandrarar frå Stordal kring 1900
1. Karen Indresæter 11 år
2. Olava Indresæter 10 år
Onsdag 1. juli 1903: På onsdager gjekk dampbåten til Aalesund. På kaia tok sikkert både naboar og slektningar farvel med Karen og Olava, og i 1900 budde Karen og Olava på bruket "Instegarden" på garden Indresæter i Dyrkornbygda. Kjelde.Torsdag 2. juli: Alle som vil vandre ut (emigrere) må registere seg hos politimesteren i Aalesund. Torsdag 2. juli vart familien Indresæter registret i Emigrantprotokollen. Kjelde.
Ålesund hamn i 1902. Bilde.Fredag 3. juli: Dei hadde billett med: White Star Line/Hvide Stjerne Linie. Det er derfor sannsynleg at Karen, Olava og foreldra reiste med S/S Tasso(Bilde) til Hull. S/S "Tasso" gjekk frå Ålesund fredag 3. juli 1903 om morgonen.
Fredag 10. Juli: Avreise frå Liverpool i England. Skipet som Karen og Olava reiste med frå Liverpool heitte Celtic. (Bilde av skipet). Meir om Celtic
Søndag 19. Juli: I karantene på Ellis Island. Amerikanske immigrasjonsstyresmaktene registerer Karen og Olava. Bilde av kjelde. Kvar skulle dei, kven hadde betalt billetten og kven skulle dei møte?
3. Thea Oliva K. Dyrkorn 15 år
Thea Dyrkorn, emigrerte 26. september 1907, 15 år gammal. Kjelde: Emigrantprotokoll for Ålesund.
Ålesund då Thea emigrerte (Bildet er frå 1910)
I 1900 bur Thea på Hove. Kjelde: Folketeljinga 1900 for Stordal.
Thea reiste med S/S Lucitana frå Liverpool til New York. Bilde frå hamna i Liverpool. Bilde
Immigrantar med etternamn Dyrkorn. Ellis Island Records
Ålesund 1902 og 19104. Arthur Andersen Mo, 11 år
(Under utarbeiding, Ellis Island Records manglar)
Arthur Andersen Mo emigrerte 26. oktober 1905, 11 år gammal. Kjelde
I 1900 bur Arthur og mora saman med besteforeldra hans på Mo. Mora Beate er enkje. Kjelde.
Ålesund 1902 og 19105. Oskar Hove 10år 1908
(Under utarbeiding, Ellis Island Records manglar)
Oskar Hove emigrerte 1. mai 1908, Ålesund. Kjelde: Emigrantprotokoll for Ålesund.
Folketeljinga 1900: Kan dette vere samme Oskar?. Kjelde: Folketeljinga 1900 for Stordal
Ålesund 1902 og 19106. Peter M. Midbust, 18 år
Peter M. Midbust f. 1887. Utvandra 18 år gammal i 27. april 1905. Registert av amerikanske immigrasjonsstyresmakter 11 May 1905 Ellis Island. Døde i april 1966, California.Kjelder:
Folketeljinga 1900: Midtbust
Emigrantprotokoll for Ålesund hamn
Immigrasjon: Ellis Island Records
Død: Social Security Death Index
Ålesund 1902 og 19107. Thea J. Løseth
Thea J. Løset emigrerte 15. april 1904, 17 år gammal. Kjelde: Emigrantprotokoll for Ålesund.
I 1900 er Thea 14. år. Ho er tenestejente(?) på Lianes, men i folketeljinga er ho ført opp saman med foreldra på Løset. Kjelde: Folketeljinga 1900. Thea hadde billett med Allan Linje. Det er derfor sannsynleg at ho reiste via Glasgow i Scotland. Eg har ikkje funne skip frå Allan Line med anløp frå Aalesund i april 1904, men S/S "Tasso" (Wilson Line) gjekk til Hull fredag 15. april og "Vega" (Bergenske og Nordenfj. Dampskipsselskap) gjekk til Newcastle samme dag.
Ålesund 1902 og 19108. Lovise Kristine Korsedal
(Under utarbeiding, Ellis Island Records manglar)
Lovise Kristine Korsedal emigrerte 13. september 1909, 16 år gammal. Kjelde: Emigrantprotokoll for Ålesund.
I 1900 bur Lovise på Framsæter (Indresæter?) saman med foreldra og mange sysken. Kjelde: Folketeljinga 1900
Ålesund 1902 og 1910
Fleire utvandrarar
Nedanfor finn du ei liste med fleire (og litt eldre) utvandrarar frå Stordal, men der vi ikkje har funne fram og tilrettelagt så mange kjelder. Utfordringa blir derfor å finne fleire opplysningar.
Startsider for kjelder og ressursar
I Digitalarkivet
Folketeljinga 1865 for Stranda Prestegjeld. Stordal var sokn i Stranda Prestegjeld.
Folketeljinga 1900 for Stordal kommune
Emigrantprotokollen for Ålesund hamn 1878-1930 (Få emigrantar før 1890)
Emigrantprotokollen for Bergen hamn 1874-1930.
Startside for DigitalarkivetAmerikanske kjelder
Ellis Island Records Dekkjer innvandring til USA i perioden 1892-1924. Merk at mange nordmenn innvandra via Canada (Quebec), og er dermed ikkje registert i Ellis Island Records.
Social Security Death Index. Register over døde i USA
Amerikansk søkjeside www.rootsweb.com Søkjer i mange ulike databasar.Andre ressursar:
Solum, Swiggum & Austheim skipsindeks. Skipslister, reiseskildringar, skipsbeskrivelsar, bilete og artiklar
Grova - Lokalhistorisk magasin for Indre Sunnmøre
Universitetet i Bergen: Knudsensamlingen
Nasjonalbiblioteket: Galleri Nor - møteplassen for fotografi i Norge9. Karl O. Hove
Karl O. Hove emigrerte 20. august 1903, 15 år gammal.Kjelder:
Folketelinga 1900: Ikkje funne??
Folketeljing 1865 (foreldre)
Emigrantprotokoll for Ålesund
Immigrasjon: Ellis Island Records?
Død: Social Security Death Index10. Thea Gurine Hansen Indresæter
Emigrerte saman med familien i 1881 over Bergen 9 og 11 år gamle.
og Karen Lovise Hansen IndresæterKjelder:
Folketeljing 1865 (foreldre)
Emigrantprotokoll for Bergen hamn
Død: Social Security Death Index11. Ole Johan Larsen Kvammen
Ole Johan emigrerte 29. mars 1901, 33 år, over Bergen.Kjelder:
Folketeljing 1865 (foreldre)
Folketeljing 1900
Emigrantprotokoll for Bergen hamn
Immigrasjon: Ellis Island Records?
Død: Social Security Death Index
Bergen 1880-åra eller 1890-åra.12. Ole Olsen Ekre
Ole Ekre utvandra 16 år, 25 mars 1887, over Bergen.Kjelder:
Folketeljing 1865 (foreldre)
Kjelde: Emigrantprotokoll for Bergen hamn.
Død: Social Security Death Index
Bergen 1880-åra eller 1890-åra.13. Anne Marie Jørgensdatter Talberg
Anne Marie Talberg utvandra 10 mai. 1889, 18 år gammal over Bergen.Kjelder:
Folketeljing 1865 (foreldre)
Emigrantprotokoll for Bergen hamn
Død: Social Security Death Index
Bergen 1880-åra eller 1890-åra.14. Nils Vad
Nils Vad Emigrerte 10. oktober 1901, 16 år, Ålesund hamn.Kjelder:
Folketeljing 1865 (foreldre)
Folketeljing 1900
Emigrantprotokoll for Ålesund hamn
Immigrasjon: Ellis Island Records
Død: Social Security Death Index15. Lars O. Vinje
Emigrerte 20. november 1901, 16 år gammal, over Ålesund.Kjelder:
Folketeljing 1865 (foreldre)
Folketeljing 1900
Emigrantprotokoll for Ålesund hamn
Immigrasjon: Ellis Island Records
Død: Social Security Death Index16. Knud P. Støle
Emigrerte 11. sept 1902, 16 år, over Ålesund.Kjelder:
Folketeljing 1865 (foreldre)
Folketeljing 1900
Emigrantprotokoll for Ålesund hamn
Immigrasjon: Ellis Island Records
Død: Social Security Death Index
Arne Solli, sist oppdatert: 20.04.2002