Oppgåver

Arbeidseining 1 del 1- Historie,bakgrunn
  1. Kva tid vart den første lova om naturfreding vedteken?
  2. Kvifor ynskte ein å fokusera meir på verning framfør fredning i tida etter 2.verdskrig?
  3. Kva tid vart Noregs første nasjonalpark oppretta?
  4. Bruk informasjonskjelder og finn ut kor mange nasjonalparkar det er i Noreg i dag. (Tips miljøverndepartementet, miljøorganisasjonar m.fl.)
  5. Kva er hovudtanken i den nye naturvernlova frå 1970.
  6. Kor mykje produserar dei tre kraftverka i Modalen tilsaman "årsproduksjon i middel"
  7. Kva tid vart Modalen Kraftlag stifta.
  8. Kven var formann i det fyrste Modalen kraftlag?
  9. Kven eig Modalen Kraftlag i dag.
Arbeidseining 2 del 2- Kampen om utbygginga
  1. Kven var det som ofte tapte pengar på sal av fallrettar, kvifor tapte dei pengar?
  2. Kva er det kommunen rår til i vedtaket frå heradstyre 16.mars 1963?
  3. Kva vatn som var innafor grensane til Modalen kommune var pr. 1970 overførde til andre kommunar.
  4. Finn ut om du er i familie med nokon av dei som skreiv under heradstyreprotollen 11.november 1971.
  5. Gå til Verna vassdrag på NVE side heimesider les  brosjyreteksten og lag ein liste over dei verna vassdraga i Hordaland (tips nedst er det ein peikar med fylkesoversikt)
  6. Finn fram til "Oversikten over gangen i vernesaka", kva er etter din mening dei viktigaste årstala?,kvifor?
  7. Kor mange medlemmar har naturvernforbundet i Hordaland? tips Naturvernforbundet sine heiemesider!
  8. Finn fram til nokre andre naturverninteresserte foreninger som har heimeside på nettet. Kva driv dei med?
  9. Kva var skilnaden mellom Modalen kommune sitt syn på utbygginga og Bergen turlag sitt syn. Ta utgangspunkt i a)uttale frå heradstyre 11.november 1971 og b)innlegg i Sti og Varde nr.2 1972.
  10. Kva var skilnaden mellom dei utbyggingsplanane BKK fyrst hadde og dei utbyggingsplananane som vert godkjend i 1975?
  11. Intervjuundersøking:

  12. -Finn fram til nokon som var motstandarar av utbygginga (det kan og vere nokon som er motstandardarar av vasskraftutbygging i dag) Lag spørsmål for å få fram kva deira syn på vasskraftutbygginga i Stølsheimen, Kva syn har dei i dag.m.m. Meiner dei det har vore noko positivt
    -Finn nokon som var med i kommunestyretpå byrjinga av 70-talet. Kva hugsar dei om vasskraftutbygginga frå den tida, Kva var deira syn dengong, om dei var for: Meiner dei det har vore noko negativt og, om dei var mot: meiner dei det har vore noko positivt og. Kva meiner dei i dag. m.m.
  13. Nemn nokre av dei punkta som står i konsesjonen for utbygginga. "sjå utdraget frå innstillinga til stortinget" som er omlag den same ordlyden som konsesjonen
  14. Kva er ein stortingsproposisjon? tips sjå oppgåve 4.1.
Arbeidseining 3 del 3- Konsekvensar av utbygginga
  1. Kva var kommunebudsjettet på i 1970?
  2. Nemn det du meiner er det viktigaste BKK har vore med å gitt tilskot til, kvifor?
  3. Ta for deg dataene over folketalsutviklinga og dataene over arbeidsplassar som BKK hadde på Steinsland under utbyggingperioden. Kva finn du ut?
  4. Veit du om nokon i familien din som arbeidder eller har arbeidd med kraftutbygginga i BKK eller anna verksemd knytta til vasskraftutbygginga i Modalen? veit du om nokon som har busett seg i Modalen p.g.a kraftutbygginga? Kven.
  5. Kva andre årsakar meiner du kan forklare at det har vore ein folkeauke frå 1975-->.
  6. Finn og tala for folkeauken i Noreg frå same tida. Kor er folkeauken høgast (i prosent)? tips Statistisk Sentralbyrå
  7. Ta for deg omsetnaden til Modalen Handelslag i denne perioden (1970-1995)- ta dataene over i eit rekneark og framstill dataene grafisk. Kva finn du ut.Veit du om nokre andre bedriftar som har seld varer eller tenester til BKK. kven
  8. Sett opp 5 punkter over positive og 5 punkter over negative følgjer kraftutbygginga i Modalen har hatt slik du ser det.
Arbeidseining 4 - Andre oppgåver
  1. Gå til "nyttige dokumenter for skolelever" på heimesiden til Odin -odin dep.no og  finn ut meir om saksgangen mellom storting og regjering. Kva oppgåver har dei ulike nivåa? kva er ein stortingsproposisjon?
  2. Kraftforbruk  Bruk MacGlobe og finn fram til dei 10 landa som har høgast energiforbruk pr.innbyggar i verda
  3. Finn kraftforbruket i Noreg for 1996. Rekn ut kor mange kraftverk som må til om ein reknar at alle kraftverk produserar like mykje kraft som Steinsland Kraftverk gjer pr. å
  4. Ta utgangspunkt i folketelleinga frå 1801, kva finn du ut om Mo sokn?
  5. Langsvarsoppgåve- Norsk

  6. 1.Skriv ei historie om kvardagslivet i Modalen i 1970.
    2.Scenario: Staten skal overta alle inntektene kommuner har frå kraftproduksjon og dele dei ut til alle kommunane i landet. Du er stortingspolitikar frå Modalen og skal halde eit innlegg på Stortinget talestol: skriv innlegget.
  7. Industrireising i Noreg

  8. Bruk historiebøker og andre kjelder og finn ut meir om industrireininga i Noreg. Kva rolle hadde vasskraft?
Eksursjon til eit av kraftverka i Modalen, Energisenteret på Dale. Eigne oppgåver føre og etter eit slikt besøk
TIL TOPPEN AV SIDa