|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| Kommuneøkonomi
Modalen kommune har nytt godt av dei inntektene vasskraftutbygginga har gitt. I hovudsak har inntekta vore skatt på kraftverket og konsesjonsavgift på produsert kraft. Om ein går attende til rekneskap frå 1970 og utover ser ein klar auke på desse budsjettpostane.Her er nokre utdrag frå kommunerekneskap:
Det har og vore sett av midlar på ulike fond I 1997 er inntektene frå kraftproduksjonen i Modalen til kommunen på ca.19 millionar kroner med eit budsjett på ca 60 millionar(nye rekneskapføringar øker budsjettet kunstig jamfør med tidlegare år). Samla fondsmidlar har sunke frå ca 50 mill til ca 12 mill i 1997, dette p.g.a vegutløysinga mot Romarheim og utbygging i Mo sentrum |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| Tilskot
og lån BKK har gitt
Nokre av sakene BKK har gitt tilskot til er -Veg Straume-Steinsland -Tilskot og lån vegtunnel Modalen -Eksingedalen -Kraftline Straume-Steinsland og Høvik-Hellandsfossen-Straume -Tilskot samfunnshuset på Mo -Lån til Mo skule -Tilskot og lån til grendehus Øvre-Helland -Tilskot lækjarkontor påMo -Tilskot nytt vegsamband mot Romarheim -Tilskot til nytt overnattingstilbod Mo sentrum. |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| Samferdesel-vegbygging
Modalen-Eksingedalen Modalen opplevde på 60-talet ein kraftig reduksjon av innbyggjartalet. For å overleve som eigen kommune måtte fråflyttinga stoggast, og ny folkeauka måtte til. Kommune hadde auka busetnad som eit av hovudmåla i denne tida, eit av delmåla var vegutløysing. I 1971 skreiv heradsstyret eit brev til Fylkesmannen som meir kan likna på ein bøn der dei purrar på å få vegutbygginga sett i gong."Berre ei opp-prioritering av tunnelprosjektet Modalen-Eksingedalen vil kunna hindra ei folkefråflytning i stor målsestokk. Dette er einaste redninga vår" Omtrent samstundes lå konsesjonsøknaden frå B.K.K om å byggja ut Steinslandsvassdraget klar. Om BKK fekk konsesjon ville dei og ha stor nytte av ein tunnel. Ein tunnel ville vere ein føresetnad for utbygging. BKK var då villige til å yta eit tilskot på 1,5 millionar og eit lån på 2,5 millionar til prosjektet. Dette satte fart i arbeidet på
fylkesplan. Berre 4 dagar etter lå saka om vegutløysing mot
Eksingedalen som sak til fylkestinget. På Fylkestinget vart det vedteke
å byggje tunnelen sjølv om ikkje BKK skulle få konsesjon.
BKK har og vore med å finansiert det nye vegsambandet til Romarheim som sto ferdig i 1996. Forutan desse hovudvegane har BKK vore med å bygd vegen Straume-Steinsland i 1973. I tillegg kjem anleggsvegar opp til utbyggingsområder. BKK har og sett opp tenesteboligar på Øvre-Helland. |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Overyn over omsetnad ved Modalen handelslag 1967-1995 |
Handelverksemd
Mo handelslag er einaste daglegvareforretning i Modalen. Desse tala er henta frå årsrekneskapet for Handelslaget 1967-1995. Det har og vore anna handelsverksemd i samband med utbygginga der lokalt arbeid har vore nytta. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Busetnad i Modalen Arbeidsplassar ved anlegga til BKK |
Busetnad
Busetnaden i kommunen i perioden. Samt arbeidplassar hjå BKK |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| Modalen
og vasskraftutbygginga mot år 2000
Forutan Steinsland kraftverk har BKK og bygd ut to kraftverk til. Dei har og konsesjon på eit 4.kraftverk i Modalen - Nygard pumpekraftverk. Dette prosjektet har dei ikkje starta på enno. P.g.a reglane må utbygginga ha starta innan 5 år er gått etter at konsesjon vert gjeven. I denne saka gjekk oppstartsfristen ut i juli 1997. BKK måtte difor søkje om å få utsett byggjestart på dette prosjektet. Då saka vart oppe i kommunestryret våren 1997 møtte BKK for første gong i historia motstand i kommunestyret i Modalen. Då saka var til avstemming gjekk 8(13) av representanatene i mot at BKK skulle få utsett fristen. Dette kan tyde på at kommuestyrerepr. meiner at det har vore nok utbygging i Modalen og at resten av moglege vassfall må få stå i fred. Auka
satsing på Turisme.
|