Intervju med Åge Telle 4.3.1998

Side A:

I forhold til det med krigen og Englandsfarten, i fra Telavåg, du var like gammel som Morten (Telle)? Samme alder,ja, femten. Som unga, kva fekk dåke vete om det som foregikk i bygda? Det var vel ikkje så mykje, men ein klarte alltid å finne fram til at eit eller annet foregikk men detaljert ble det aldri fortalt oss noenting. Det var sånn som vi måtte pikke opp og finne ut av sjøl. Men vi var jo klar over at det skjedde ein god del rømming til England herfra, så det var jo noe vi ikkje kunne unngå å sjå. Den eine båten etter den andre forsvant,jo. Så det var vi klar over. Eg var jo fullstendig klar over at det var krig. Skal vi begynne på 9. april så skjøt de jo så det lyste over himmelen med luftvern ifrå båta som låg i fjorden. Så vi var gjort oppmerksom på at det var krig. Det var bange følelsa.

Men visste dokker på forhånd at ein båt skulle dra neste dag, eller var det sånn at dokker fekk veta dette neste dag? Det førekom vel at det snaktes litegrann at ein hadde litt førehandsopplysningar, det gjorde det nok. Men, det var uklart. Man kunne aldri vite kva for ein båt. Det var eit hemmelegslør over det. Det var såpass stor trafikk at vi var klar over at det måtte foregå et eller anna. Selv som unge. Vi var jo tross alt 14 år.

Tenkte du noko omkring det å reisa øver sjølv? Å, jøsses ja. Eg hadde jo, eg hadde nesten ein fot i båten, og. Dei som kom til oss, dei der sabotørane. Med den båten gjekk det jo folk tilbake hin veien deriblant var skulelæraren og hans familie og gutten hans var jo min kamerat, så eg var innpå tanken å reise korleis det hadde seg, men det sette foreldra seg imot, veit du. Dei nekta plent, det var ikkje på tale, mor og far då. Men gjorde ein liten tabbe der for du skjøna det at den eldste broren min, han skulle ro dei eit sted til Nestvikja. og då sa han at du må vere med meg å hjelpe meg å ro. Og eg var så sint at eg oppdaga ikkje kva han eigentleg meinte med det. Det han meinte hvis eg hadde blitt med så hadde eg heve meg på båten og ferdig med det. Det var jo ein hjelp han ville gi meg, men eg var såpass sint under den krangelen som føregikk når eg ikkje fikk vera med at. Skjøna du? Så dermed så blei eg heime.

Trur du at det var nokon forskjel på jenter og gutar kva dei visste om Englandsfarten? Om gutane visste noko meir? Neida, trur ikkje det. Det var no vel helst når me var samla i flokkar at ein begynte å snakke om sånt, om det som måtte vel føregå og no var han reist og no var han på tale å reise. Så da var det like mykje jente som guta som diskuterte. Eg trur nok at dei var like godt informert, kanskje meir og. Dei fulgte gjerne meir med dei.

Bortgjømte radio, visste de noko om det? Nei, då kjenner eg berre til vår. Vi hadde. Men eg trur nok at det var andre og. Kor? Det veit eg faktisk ikkje, for eg trur den blei flytta på, eg veit enkelte gonger var den oppe i ei løe og så kunne han vere nede i eit naust. Dei flytta den. Den var aldri på same staden. Til å begynne med hadde vi den faktisk oppe på loftet, men det gjekk fort utav huset. Det var kanskje litt farlig for oss å det, for det var veldig mykje trafikk i huste vårt for vi hadde telefonen og då blei da til at det gjekk mykje folk der. De måtte vel av den grunn, muligens, ha den eit annet sted.

(...)

Det første året trur eg så var det ein god del, dei var no ikkje akkurat så smarte for oppå loftet, i midten av huset, inne i eit sånn kammer, der trengte dei seg inn ein heil del med folk og satt og hørte på nyhetene fra London. Dei kunne jo like godt hatt han nede i stua. Dei hadde da så høgt og at hadde det vært nokon nede i stua så hadde dei hørt da likavel. Men, det var no til å begynna med. Så etterkvart oppdaga dei at det var farleg det her, det var tilogmed dødsstraff så det var då dei begynte å gjemme det bort. Og det var ikkje så veldig problematisk å flytta på radioen vår for den gangen var det ikkje elektrisk lys noen steder så ein var avhegig av batteri og dermed så kunne du flytte på det.

(...)

Kan du beskrive noko fra april 1942?

Ja, det var 26. april tidleg om morgonen. (...)Gestapo kom og det hade jo skjedd noko før. Dei hadde jo vært her ute om natten desse her to (som bodde hos oss) på grunn av at det kom ein marinekuttar om kvelden og så kvapp de. Dei blei litt redd, men den hadde ingenting med (Gestapo) å gjere i første omgang, den hadde i oppgave å (rydde vekk) miner, den. Så blei det til at Hvaal og Værum, dei gjekk ute, etter som dei har fortalt meg seinare, heilt til klokka halv fire, så det var ikkje mye dei hadde vært i køy då når Gestapo brasa inn (tidleg om morgonen)(...)

Visste du kven desse karane var då dei kom til dokker? Ja, tenke du på Gestapo eller dei to? Nei, dei to Linge-karane. Dei visste eg, hadde jo vært på tur med dei om dagen. Blant annet så var vi ikkje så langt herifrå og sat og solte oss og filosoferte. Det var jo veldig fint ver på den tiden, til å vere så tidleg, og. Dei sa jo ikkje direkte kva dei balte med, men det var jo lett å forstå.  Det er ikkje så godt å gå i detalja på det, så jo at dei var litt bedre kledd enn andre, så var de veldig fremmedarta, dei var østlendinga, det var jo ikkje vanleg at dei stoppa så lenge her. Nei, dei prega seg ut. Kva det var for noko, det hadde eg ikkje greie på, det kunne jo folk som skulle rømme og. Det var ikkje eg heilt sikker på. Skal eg vere heilt ærleg så hadde eg ein aning om det, ja. Men, offisielt så skulle eg ikkje vite det. Men eg hadde peiling på at de kom fra England. Det var fleire faktora som gjorde at eg fekk den forståelsen. Blant annet når eg tørna ut om morgonen, så sat der ein (fremmed kar), langt utpå ettermiddagen så kom den andre. Og da var ikkje rutebåta som kom den gangen der, for det var berre to gonga i veka det. Han måtte jo komma frå ein eller anna staden. Fant eg ut.

Blei det snakka åpent om englandsfarten heime hos dokker? Nei,nei ikkje, ja, det vil seie når det varpå tidlegare tidspunkt så var det jo fleire som hadde søkt dekning. Det var jo ein båt som hadde ein mislykka tur, som drei iland igjen og då kom det jo 16-17 eller kva det no var i eit forrykande ver om natten. Då hadde dei verkeleg problem. Då måtte dei plassere dei alle veie, inni løe, loft og alt . Det var berre kort tid for den bpten holdt på å gå ned den veit du, så det var jo reine redingsaksjonen.

(...)

Då måtte vi snakke om det. Det gjaldt jo om å få plassert desse her. Og etterpå skulle me få dei avgarde igjen . Dei måtte komme så tidleg som muleg tilbake til jobbene sine slik at dei ikkje blei meldt savna. For du veit, det var restriksjona på reise og alt mulig den gangen. Det gjekk bra. Unntatt ein. som blei verande her. Ein Egeland. Og Gudfader meg kor lenge han blei boande før neste sjanse han fekk. Og han var ein ganske ung gut på 17-18 år. Og då blei det jo til at eg og han, me to gjekk i samen turar og var i vattnet og fiska på aure og greier og dermed så snakket vi, selvfølgelig om krigen. Og han fortalte at han skulle vbli flygar, da var da han skulle bort til England og bli. Men han blei torpedert på ein handelsbåt. Han kom i marinen.

Kva tenkte du (omkring skyteepisoden)? Fekk ikkje tid til å tenke så mykje da,det blei jo skyting ganske snart, men, men. (...) Du lå og sov på same rommet, ikkje sant? Ja, ja. Dei kom inn tre stykka og dei gjekk fort til , når eg fekk øyene opp, så var dei plassert ein på kver av dei andre og så stod der ein over meg og vekte meg. For eg sov. Eg låg på ein divan akkurat innafor døra. Det blei ropt hands up og greier da og litt sånn tultimulter skjedde jo, så blei det skyting. Skal vi gå i detaljer på skytinga, nei? Det blei skyting, og det var ialle fall sånn at to gestapista blei drept og ein skada. Arne Værum blei drept og Hvaal blei skada. Så kan du tenke deg inne på eit lite rom, så blei det veldig mye og det hadde vel ikkje skjedd dei greiene her så brutalt hvis ikkje det var fordi det var gestaposjefen og nestkommanderende, begge to, som blei drept der i den fighten. Det som var min oppgave etterpå, eg blei jo, eg løpte jo ned då det så og seie var ferdig så gjekk inn i stova til dei andre, der sat dei andre inne, Lisbeth, søster mi altså, mor, og så ungene som var i huset. Der blei dei holdt i sjakk til lang tid utpå dagen. Og så var eg oppe då litts seinare og pakka kofferten til desse karene, men det var ikkje noko pakking. Eg berre stuet nedi. Noe med blod på og noe uten blod på, Golvet, det, når du gjekk på golvet så såg du berre kordan det levra seg i det blodet, hadde lagt seg i svære kaka overalt. Så ikkje ut i det heile tatt. Dei skulle no ha det der tøyet med.

Seinara så blei det å vente nede i stova og så kom lensmannen, han blei tilkalt. Han budde på Klokkarvik og det kom jo forferdeleg med, mye folk. Tyske. Og så blei det gitt beskjed om at vi skulle hente så og så mange folk. Eg veit ikkje kordan det der gikk for seg, men eg fekk beskjed av lensmannen å vere med to gestapofolk og arrestere tre stykka. Har namnet på dei. Den eine var ikkje heime, den eine døde i Tyskland, det var far og sønn som skulle bli tatt, der var sønnen vekke, så han slapp klar foreløpig da, men han havna no i Tyskland likevel. Begge dei kom heim igjen. Paradoks var at når me var på veien ut, så gav eg meg god tid, så ville eg nødig gå til det huset, så sat det noen mannfolk uti haugen og så ropte eg på dei, for at dei skulle komme ned. Eg ville spørre korhen han bodde henne. Eg visste jo godt kor han bodde, det var jo ei lita bygd. Og så kom Arnfin ned og fortalte korleis det var. Vi skulle bort på (...) Han var den første som døde i Tyskland, han som eg ropte på den gangen. Sånn skulle det bli, altså. Men han blei ikke arrestert då, nei, men likevel så blei han den første som døde i Tyskland.

For da gjekk ei heil veke før dei begynte å samle inn mannfolkena. Og endå noen daga etterpå dei begynte å ta kvinnfolkena. Så da var no mye rart som skjedde og. Men det var ingen som tenkte på å løpa, dei hadde mulighet til å gå over på hi sida på haugen. Og det var lenge for meg og gitt dei beskjed om at dei kunne stikka av, men det var ingen som tenkte på det. Så dei blei teken, han eine karen var ikkje så veldig, han var litt tilbakeståande. Så han blei med inn, litt seinare kom faren inn og sa seg villig til å gå istaden for han. Fekk ikkje lov. Han sat der heilt til vi begynte å marsjere ned i marinebåten i håp om at han skulle få gå i stedet for sønnen. Ikkje tale om. Han var jo litt eldre han då. Han havna på Framnes.

Men heile den greia som skjedde var ei forferdeleg søa. Tyskerane som kom til stedet, dei ropte og skreik. Trur dei var veldig nervøse for dei holdt på å gå fra konseptene alle mann. Det var 9 mann som blei stilt opp utfor huset der, det virka, hverfall når du så på det, som at dei skulle skytes. Så lå dei to tyske soldatene framfor dei. Dei måtte stå å sjå ned på dei heile tida. Det virka omtrent som om de skulle skyte dei med ein gong som ein slags gissel eller hevn. Det blei ikkje gjort.. Så det var vel høyere offiserer som kom og tok kommandoen og det veit man ikkje. Eg veit ikkje, i alle fall.

Men det som skjedde var at vi var ein 8-9 stykke som havna på ein marinebåt og så bar det på vei utover for å gå til byen. Og når me gjekk der med, vi sto bak, når me passerte fyret der ute, så lurte eg på å hiva meg på sjøen, så redd var eg. Men eg kunne ikkje svømme. Så kordan det hadde gått kunne aldri tenkast det. Men eg hadde det i tankane. Var jo nesten sikker på at ein ikkje overlevde likevel. Så måtte vi stå heilt til byen. Fekk ikkje lov til å setja oss (på helie turen). Hdde relativt bra fart på den båten, så det ble jo kaldt. Hadde ikkje kledd meg så voldsomt godt heller. Der blei vi sortert ut når vi kom til byen, var der ein stor lastebil som var der og henta oss, lukket. Kom til Gestapohuset, der blei mor, far, Anton Kallestad og meg tatt ut. Dei andre blei kjørt til fensel med ein gong. Dei blei forresten seinare kjørt ut på Sandviken skole sammen med dei andre mannfolkena, dei sat der ei veka i fengselet. Og så begynte forhørene utover natten. Egvar jo, eg var jo heisen skvetten. Eg veit ikkje kva som gjorde det, men det blei skiftet sånne forhørsfolk på meg. Eg ante jo ingenting så eg sa jo nei til alt, eg til alt som dei spurde om, eg. Da dei fulgte til cellen ein gongen, snakte norsk han der eine karen og gav meg ein god spark i hjarteræven så eg fløg rett i skottet (inne i cellen). Og så kom han hin og sa at vi skal nok få det uttå deg, ut av deg, sa han. Han trodde vel eg sat inne med (noen) opplysningar, han, veit du. Eg trur ikkje det var så lenge før eg blei henta igjen, nokre tima. Blei forhørt heile natten, så og seie. Morningen i, ettermiddagen, (...) då blei eg kjørt til kretsfengselet saman med Kallestad. Mor og far blei, dei var jo ei heil veka der oppe, på Gestapohuset.

Det var ein bitteliten celle, ikkje vindu, ei lita luka i (døren), vakten gjekk forbi og såg inn sånn avog til. Lyset var midt i den luken. Eg kan ikkje tenka meg at ho var lenger enn ein brisk og ikkje meir enn halvedelen så brei. Så små var cellene der. Det var jo berre fangar der. Rom dei hadde dei til opphold til under forhørene, antakeleg. eg blei kjørt i fengselet, ja og der var eg. Eg blei kalt opp igjen etter 14 daga, ein får kalla det ei repetering av forhøret da, for eg hadde sagt at vi var 7 søsken .Eg skulle skjula dei som var i England og det der var det førsta dei spurde om når eg kom opp igjen andre gang, kor mange søsken vi var. 7 lever og 2-3 er døde, sa eg då og dermed så røk tolken og han der karen i en hard diskusjon. Då var det jo 10 då. me var jo 10 søsken. Eg hadde tenkt på dei greiene der heile tida der nede i fengselet. Derfor hadde eg svaret klart.(...) Eg hadde tilogmed diskutert det med ein tå medfangene der nede. (...)

Sat med ein av dei mest torturerte fangane der.

Tre månader i fengselet der, og så bar det opptil Ulven.

Beskriver ein episode om korleis han blei utvalgt til å reise til Ulven. Cellekameraten måtte bli igjen. Fælt å sjå voksne folk grine, men det gjorde han. Han ante ikkje korfor dei holdt han, han var jo naboen vår. Så der blei eg i 7 mnd. oppe på Ulven. Den oppførselen dei hadde der var jo både og, eg hadde mange sure opplevelsa der og eg hadde mange positive opplevelsa der på Ulven. Det var blant anna alderen min som gjorde det. dei skifta på ein, to, tre kommandanta på den tida eg var der. Den første som kom opp, han var perfektkorrekt, så kom det ein som vi kalte for Gandhi, han måtte sikkert vere sløva for han såg ingen ting, Men så kom det ein SS, ein austerrikar, som vi kalte for Stormen. Han var reine pesten,men ikkje med meg. Eg fekk det veldig fint hos han. Eg veit ikkje kva som skjedde, han var veldig for meg.

Så havna eg på sjukehus, hadde lagt ei veka og vore sjuk og han kom inn med ein militærlege, (...) om morgonen då kom eg på sjukehus, då hadde eg gulsott. Så det var han som egentleg fekk meg på sjukehus, og. Og var både lenge og vel på det der sjukehuset. Dei sa at eg var på same rom som han Hvaal som var blitt skada her ute, blitt reparert, det var no ein kar som eg snakte med som påstod at det var same sengen, og, men det behøvde det ikkje vere for det var fem senger der inne.

Det er ikkje så godt å seie.

Men det blei jo slutt på den og eg måtte tilbake same vegen som eg var kommet, i fengselet, når eg då kom ned i fengselet igjen hadde dei delt fengselet i to, i tyske og norske kriminalfanger. Og dermed hadde de ansett ein tyskar, han var den verste faen eg nokon gong har truffet, kalte han for Lubben. Og det visste eg på forhand, for ryktene gjekk, fangene for jo fra eine staden til den andre og så kom det ein norsk kriminalfange som eg kjente. Vi var stilt opp nede, to stykke som skulle avgarde.Me skulle på Ulven igjen. Fortel om ein pakke han skulle levere for ein norsk kriminalfange (...) og ein heller ublid tysk reaksjon: Først sparka han, og så stilte han meg opp etter veggen (...)sånn at nasen gjekk i veggen. Første gangen så heiv eg meg til sides, så sette han knytteneven i veggen og han blei endå meir rasande og så begynte spetakkelet. Eg skreik. Så hadde dei ei sånn klokke som dei drog i ute, som det var ei bjelle som gikk. Der slo det i bjella. Du veit, tyskarane er, var alltid presise og du blei aldri tatt ned før akkurat på minutten. Der kom han Stormen marsjerande inn og så ser han fjeset på meg, veit du, godt tilgrisa med blod og han var veldig god i norsk, Stormen, Hva er det? sa han. Så fekk han forklaring hos han der.Han var mye høgare offiser enn han der Lubben. Og så sa han: Du skal få det betre på Ulven. Så vart det ikkje meir. Og han andre såg etter meg kva dette her var for noko, han der tyske sjefen i fengselet . Men da bar i bilen med oss, to stykke. Så var det treknott på den bilen, når vi kom i den der bakken med Nesttun der stoppa bilen, den greide ikkje oss og så seie han der Stormen at me måtte gå ut og skubba på og du passa på han der, sa han. Han der andre fangen, han blei jo levande redd, han. Ganske ung kar det, og. Så vi skudde litt vi og bilen fekk fart veit du og så kjørte han ifrå oss og så måtte me gå etter bilen. Men han hadde hoppa ut og sto der oppe med "gunsjen" sin, men det gjekk no bra det. (...) Me fanga måtte skubba bilen til Ulven. Den glømme eg ikkje.

Da eg reiste til Framnes, så var det norsk politi som kom og henta meg. Så var der eit trekkspel i leiren, eit sånn lite pianotrekkspel. Så kom han til meg. Nei, det er ikkje mitt, sa eg, det er leiren sitt. Nei, det kan du beholde det, sa han. Eg fekk da med meg til Framnes. Eg var jo 6 måneda på Framnes, eg og.

Du var på Ulven til begynnelsen av 44? Vi kom ut i 44. Eg (...) det var 6 måneda, eg kom seint på hausten. (1943). 17. mai 1944 slapp vi ut.

Korleis var det å møta folket frå Telavågen da du kom til Framnes? Å, herlig. Å komma til Framnes, det var drømmen. Det gjekk sikkert ei god stund før det gjekk opp for meg at det var sant. Og den maten. Du veit, der oppe på Ulven, det var ikkje noko mat. Eg steikte ei sjor og spiste den, som han der kommandanten skaut. Han sa det:"Flekk henne!" Så hadde vi eit vaskeri og i vaskeriet hadde dei ein omn, ein svær omn som dei fyrte med ved i for å koke tøyet, og så fekk eg låna ei steikepanne av Røssberg, kjøkkensjefen vår, han viste meg og så hadde du litt tran oppå og så steikte du han. Han var heilt super. Heilt super. I nød smaka alt, då.

Men det var mange rare opplevelsa. Men ned på Framnes der var det, for meg då, paradis. Og så dei lærarane, med den behandlingen, dei stelte jo for deg og degga for deg og norske politia var der og dei var jo kompisa med deg. Var ikkje noko fangenskap det. Det var berre det at du var isolert. Fekk lov å gå, kunne sågar lov til å ta deg arbeid utanfor. Det var jo gjerne sånn som hadde skjedd på eit seinare tidspunkt, eg veit ikkje om dei hadde det til å begynna med.Men, når eg kom inn, så kunne du det.

(...) Eg jobba ikkje utanfor. Det var for kort tid til å bli kjent til det. Jo, eg begynte, eg var ein måned hos ein sånn som slipte gravstein og han ville eg skulle fortsetja da vi blei fri, så skulle eg få bo hos han. Det hadde gjerne ikkje vært så dumt, det. Polerte gravstein med maskin og han syntes sikkert at det gjekk så bra der i og med at han tilbød meg, skulle få mei lønn og bo heime hos han. Men, du veit, man var vel opptatt på å komme seg i vei, veit du, eg reiste til Egersund. Der hadde eg familie. Var vel gjerne så spent på å komme til Egersund, antakelig. Ja-da, men det gjekk skitt med søster mi. Hu fekk nerva, hu blei aldri skikkeleg.( Hun og to av barna fikk ørebetennelse. Det ene barnet døde, det andre fikk varige mèn.) Og ikkje mor, hell. Ho budde her hos oss på slutten når ho ble gammal. Hadde krig kvar dag, bare snakka krig. Det var, det er sånn som forekommer hos meg, at i drømme så kan eg drømme det som skjedde, heilt nøyaktig og så avogtil sa har det hendt at det jo berre tull alt saman, seie draumen, sant. Så blir du skuffa når du vakna og oppdaga at det var ikkje. Eg har hatt mange, mange drømma (...)

Sånn som det der at broren min blei skutt, for eksempel. Det er mangen gong eg har drøymt at det ikkje var sant likevel og (...)Siste gongen eg såg han da var, han var i det som me kalte lenkegjengen, han og far, men så fekk dei lov å vere ute og kappe ved. Antakeleg for litt mosjon. Og der sto han da eg skulle gå til sjukehuset. Dei hadde jo ikkje lov å bevege seg vekk fra arbeidsplassen. Det var veldig strengt. Då huske eg at han heiv no saga og kom bort og sa adjø på skikkeleg måte. Du kjem nok heim igjen, sa han. Det trudde eg på. Då eg kom tilbake andre gongen, då var dei faren til Grini. Det var jo der han blei henretta. På Trandum. Men, lurer på om at du var såpass ung gjer at du ikkje gløyme, men i alle fall held detalja på avstand. Du går ikkje og grubla på det heile tida, då ville det bli hardt, men du falt inn i eit normalt liv når du kom deg vekk. Spesielt når krigen var slutt. Då var det akkurat som ein letta. Eg gjekk i ein angst heilt til krigen var slutt, for at eg skulle bli teken igjen. Men ein gang krigen var slutt var ein byrde vekke.

Det første møtet med bygda etter krigen: Det var lang tid før eg reiste heim. Så, eg holdt meg, var ei god stund i byen og så reiste eg til sjøs. Og da va vel gjerne for å få det på avstand, og. Eg bar preg av at foreldra følte seg litt ansvarleg for detta her, det vil alltid vere sånn og eg fekk det vel litt og så det var like godt å halde seg vekke. Så, det er vel ikkje nokon som skal anklagast for dette, men det blei sagt litt for mykje, var litt utenksomme mange som serverte, noen forsto kanskje ikkje kva dei sa, men det låg litt i luften da. Så mor, for eksempel, dei kune sei som så. Det var ikkje komen bro. Når dei skysste henne heim igjen sa dei: Våga du å kome heim igjen? Og det gjeld bygdafolk. (..) Sånn var situasjonen i lang tid etter krigen. Inntil dei begynte å få midle så var jo folk ute i periferien, så var jo folk flinke til å hjelpe. Blant annet så fekk jo desse her alltid førsteretten på materialer hos Paal Kahrs, det kan eg huske, dei som bygde opp. Då begynte folk å live til. Fekk orden på seg sjølv og sine eigne naboa, då blei det noko heilt annet. Skaden var jo skjedd. (...)Spesielt for søster mi, ho hadde ikkje mykje til overs for folket her, absolutt ingenting. Nekta å vere med på alt. Men,men, krig er krig.

Kva tenkte du om framtida?

Det var vel dei som var i ein alder at dei mista mykje meir. Du gjekk jo glipp av for eksempel fiskeriene på den tiden, var jo voldsom oppgang,akkurat som no. Hvis dette ikkje hadde skjedd, så hadde eg sannsynlegvis havna, som dei fleste gjorde, i fiskeriene. Så sånn sett tapte du mykje, skal ein seie penger og sånt, det gjorde du jo og gjerne så blei du ikkje det du hadde tiltenkt deg. Når eg begynte på maskinistskulen, så var eg ikkje nokon ungdom lenger.Der kunne eg ha gått tidlegare, hvis det ikkje hadde skjedd. Alt sånt er jo berre hyptetiske tanka, men det blei jo sånn at det er miste år. Dei åra er vekke, du får dei aldri igjen, ikkje kan du ta dei igjen, heller. Så du tapte sånn, på det. Kanskje lærte, hvis du skal seie at du lærte noko, må vere medmennekelighet. For på sjukehuset, til å begynna med var vi tre nordmenn, dei blei fort utskrivne, så var det berre russera. Han eine vakten gjorde det sånn at han slepte russera ned, sånn at dei kunne vere nede hos meg om dagen. Så eg skulle sleppa å vere heilt aleina. Hardt skada folk, eg huska ein episode. Vi måtte gå ut og hente vatten og han, kom her, viste han ein, der ligg ein, han gikk`an i natt, det låg ein ved siden av der. Ikkje noken ting. Det var etterkvart ein dokter der om kvelden. Det låg ein med tuberkulosesvulla der, han fortalte det. Det hadde vært ein dokter der om kvelden, han ga han ei lita sprøyta for han hadde sånne smerte. Om morgonen låg han og var heilt død. Pakka han inn i ein sekk, opp på eit lasteplan. Kor dei for med han, veit ikkje eg. Å leve i ein sånn brutal verden som ung gut, det var litt beinhardt. Dei var jo menneske dei og, sjølv om dei var russera. Det var fleire som blei henta der oppe ifra, som døde. Hdde mye skada før dei kom inn, men jøss! For ei underhaldning det var i dei som hadde nokonlunde førlighet igjen. Eine gongen, så var eg oppe, så hadde tre stykker, dei spelte med skjeiene sine. Dei lagde reine orkesteret. Det virka som ein fin melodi. Kunne se mykje!